OM OSS

Grunnlaget i Gravdal

Selskapet vart starta i 1911, av Hans Gravdal.  Opphavet var ein bekk som gav grunnlag for å skjera tømmer.           Sidan den tid har det skjedd mykje. 

Drifta i Gravdal

Steinar overtok drifta frå far sin og dreiv det vidare og bygde det opp hall etter hall, maskin etter maskin. Sagbruk vart utvida med høvleri, impregneringsanlegg, malingsanlegg og elementproduksjon av hus og hytter. S.Gravdal as var firmanamnet vårt då.

Utviklinga i Norheimsund

Så overtok Hans Gravdal leiarrolla i 2005 og utvikla firmaet til å få behov for større lokaler. Resultatet vart ein ny stor industrihall i Norheimsund i 2014.Samme året overtok me lageret til Hardanger Bygg på kaien i Norheimsund.  Me bytte då namn til Hardanger Byggsenter.

Framtida

Me har no eit stort lager med byggjevarer,  ein stor hall der me driv med elementproduksjon og                             entrepenørvirksomheit.  Me tar på oss små og store jobbar.  Har du eit prosjekt på gang, ta kontakt.  Me er flinke på prosjekt, og tek hand om heile jobben. Å spørja oss vil lønna seg.  Me leverar kvalitet til rett pris, og brukar kun eigne fast ansatte medarbeiderar.

Me stortrivst på jobb!  Ha ein strålande dag, du og.