OM OSS
Grunnlaget i Gravdal
Selskapet vart starta i 1911, av Hans Gravdal. Opphavet var ein bekk som gav grunnlag for å skjera tømmer. Sidan den tid har det skjedd mykje.
Drifta i Gravdal
Steinar overtok drifta frå far sin og dreiv det vidare og bygde det opp hall etter hall, maskin etter maskin. Sagbruk vart utvida med høvleri, impregneringsanlegg, malingsanlegg og elementproduksjon av hus og hytter. S.Gravdal as var firmanamnet vårt då.
Utviklinga i Norheimsund
Så overtok Hans Gravdal leiarrolla i 2005 og utvikla firmaet til å få behov for større lokaler. Resultatet vart ein ny stor industrihall i Norheimsund i 2014.Samme året overtok me lageret til Hardanger Bygg på kaien i Norheimsund. Me bytte då namn til Hardanger Byggsenter. I 2022 starta me eigen entreprenøravdeling med gravemaskinar og hjullasterar samt at me eig eit stort steinuttak der me tek ut og knusar ulike fraksjonar til massar for sal og til eigne prosjekt. Dette gjer oss til ein komplett leverandør som har kortreiste produkt og det mesta av det som skal til på eit prosjekt.
Framtida
Me har no eit stort lager med byggjevarer, ein stor hall der me driv med elementproduksjon og entrepenørvirksomheit med eige steinuttak Me tar på oss små og store jobbar. Har du eit prosjekt på gang, ta kontakt. Me er flinke på prosjekt, og tek hand om heile jobben. Å spørja oss vil lønna seg. Me leverar kvalitet til rett pris, og brukar kun eigne fast ansatte medarbeiderar.
Me stortrivst på jobb! Ha ein strålande dag, du og.



